Tilsynsmyndighet FINANSTILSYNET, Norge
Godkjent: 11.10.1996
Våre medarbeidarar er kunnskapsrike og har lang og relevant erfaring. Vi held oss oppdaterte innan rekneskapsfaget, slik at kundane våre kan føle seg trygge på arbeidet vi utfører.
Det er krevjande å vere oppdatert på lover, reglar og halde tidsfristar innanfor blant anna løn, mva, rekneskap og likning. Det kan difor løne seg å setje bort oppgåvene til nokon som har full oversikt.
Ta kontakt for ein uforpliktande prat, så finn vi ut om det kan vere av interesse med samarbeid.
Vi kan hjelpe til med heile eller deler av rekneskapsføringa. Alt frå bokføring til årsoppgjer og all nødvendig rapportering til rett tid.
Vi kan hjelpe til med faktureringsarbeidet om de ønskjer det. Betalingsoppfølging og innkrevjing kan vi også hjelpe til med.
Lønskøyring til avtalt tid med rapportering.
Våre erfarne fagfolk kan hjelpe til med ulike problemstillingar og spørsmål som dukkar opp.
Økonomiske analyser og ulike ekstra rapporteringar utfører vi gjerne.
Via vårt kontaktnett kan vi skaffe ekspertise og rådgjeving på område der verken de eller vi har kunnskapen i eigne rekker.
Statsautorisert rekneskapsfører / dagleg leiar
Tlf. 92 60 66 63 - epost: nils@iras.as
Statsautorisert rekneskapsfører / styreleiar
Tlf. 91 57 49 65 - epost: larsaage@iras.as
Innvik Rekneskapsservice AS / IRAS
Orgnr: NO 841 317 602 MVA - Tlf. 41 49 50 62 - Epost: post@iras.as
Vi bruker informasjonskapsler til å analysere nettstedstrafikk og til å optimalisere nettstedsopplevelsen din. Ved å godta vår bruk av informasjonskapsler, vil dataene dine bli samlet med alle andre brukerdata.